Anders Steinars. Mulvik

Mann


 

«Forrige 1 2     » Lysbildefremvisning

Kråknes-vorpa.png



Laster...

Krognes laksevorpe på Kråkneset i Valsøyfjord

På 1720-talet var det omkring 40 laksevorper rundt om på Nordmøre. Men frå 1840-talet tok kilenota over, og konkurrerte etter kvart ut vorpene.

Kråknes laksevorpe i Valsøyfjord er truleg den vorpa som har lengst historie i Norge. Ho går tilbake til 1400-talet. Den var rekna som den beste på laksevorpa Nordmøre

 At denne vorpa var verdifull, gir dei mange rettssakene om eiendomsretten dokumentasjon om.

Hans Hyldbakk nemner at bøndene i Austigard på Årnes og i Oppistua på Nordvik åtte en halvpart av Krognes laksevorpe.  Iver Larss. I Oppistua på Nordvik fekk denne parten i laksevorpa som medgift da han gifta seg med Beret Einarsd. frå Austigard Årnes. (Anders Mulvik som vart gift med Anne, fra Austigard Årnes, fekk og en part i medgift. Det samme gjaldt Eistein Settemsdal i Oppigard Settemsdal).

Denne Iver Larss. Nordvik fekk blant anna to sønner, Ola og Lars. Lars kjøpte gard i Todal i Aure, og Ola vart gift med gardenka i Utistua på Rognskog i Halsa.

I boka «Gardtales i Valsøyfjord» er det beskrevet noen av stridighetene om Kråknes-vorpa der nordvikslekt er involvert: Under skiftet etter Iver Nordvik i Oppistua i 1682 vart det ved loddkasting avgjort at Lars (Todal) skulle få vorpa til bruk. Søskena fekk utlegg i vorpeparten, 6 rd. til manns (4 brør) og 3 rd. til søstrene (4 søstre). Dette mislikte Ola (Rognskog) og klaga, derfor gav Lars (Todal) broren få bruka vorpa det kommende året.

I et brev til lagmann Peter Drejer i Trondheim den 8. februar i 1686 skreiv Lars Todal: «På ett eller anna vis hadde Rognskog-ætta skaffa seg eiendomsrett til halve vorpa. Først Ola, og senere hans ættlinger klønte seg fast til denne «herligheten» med alle ti fingrene», I brevet sto det at Ola framleis bruka Kråknes-vorpa uten hans samtykke og mot hans vilje. Lagmannen svara at Lars hadde retten på si side, men han tykte det var best å sjå tida an. Lars var barnløs og ved senere skifte ville vorpeparten falle til arvingene hans, og dermed også til broren Ola på Rognskog og hans arvinger.

Ved overtaking av farsgarden fekk Olas sønn, Ivar Rognskog eiendoms- og bruksretten til halve Kråknesvorpa. Etter han gikk vorpa videre i Rognskogslekta i flere generasjoner helt til slutten av 1800-tallet.

Kilder:

«Gardtales i Valsøyfjord» av Anders Todal: https://www.nb.no/nbsok/nb/dbdb977708bd543a3facb836f0c1fd90?index=1#121

Årsskrift (Nordmøre historielag). 1961:

https://www.nb.no/nbsok/nb/ffd531dc86ae463f790f9c77c74f433a?index=1#6

Kroknes laksevorpe av Einar Oterholm:

http://www.bofjorden.net/laksevorpa-dokumentert-kortreist-norsk-historie.6236965.html

http://www.bofjorden.net/laksevorpa-som-bok-og-kaaseri.6236524.html




Sted Kråknes Valsøyfjord, Halsa
Breddegrad63.1410075
Lengdegrad8.432183
FilnavnKrognes_Laksevorpe.jpg
Filstørrelse95.61k
Dimensjoner1024 x 627
Linket tilBård Audens. Aarnes; Erik Eisteins. Settemsdal; Kristen Ellings. Mulvik; Lars Ivars. Todal; Lars Ivers. Nordvik; Ola Ivers. Nordvik; Iver Larss. Nordvik; Iver Ols. Rognskog; Anders Steinars. Mulvik

«Forrige 1 2     » Lysbildefremvisning