Amerikabilder
Bilder av nordmøringer i Amerika» Amerikabilder «Forrige «1 ... 31 32 33 34 35 36 37 38 39 ... 119» Neste» » Lysbildefremvisning
Dette biletet er teke i Minneapolis,
Minnesota, den 17. mai. Det var Rannei Øye/Moe, som pynta karane til 17.
mai-feiringa med sløyfer og nellik i knappholet. Rannei var kokk for desse
karane da. Det var etter 17. mai i 1911 at Rannei reiste over til Amerika. Og
ho og Peder Moe var tilbake i Surnadal før årsskiftet 1915/16. Sikkert er det
og at John Holden var der mellom 1913 og 1918. Dette, saman med utvandringstid
til dei andre gjer at vi trur biletet er teke mellom 1913 og 1915.
Etter litt sprikande opplysningar frå
fleire bileteigarar, og sjekk mot andre bilete, har ein kome fram til at karane
er desse:
Ståande frå venstre Ola Olson Holden
frå Austerhalten, f. 1887, utvandra 1910, John Holden frå Ytre
Halten/Ellevsetvollan, f. 1889, utvandra 1913, men kom att 1918, Ola J. Aasbø
frå Sjøleet, f. 1891, utvandra 1911, Jon Aasbø frå Åsbøen, f. 1888, utvandra
1910, Kristoffer J. Nordvik frå Oppistua/Hagavoll, f. 1889, utvandra 1910.
Sittande frå venstre Anders Gjerstad, Oppigard, f. 1886, utvandra 1910, Tore K.
Gjerstad frå Holtan, f. 1884, utvandra 1908, heim att før 1919, Ole Knutson
Østbø frå Ellevsetbakkan, f. 1864, utvandra 1905.
Bileteigar til det biletet som er bruka
her er Leif Aalmo.
Amerikafolk.jpg
Nordvik-karer og Eisbygg (Eidet) i Amerika
Eier av original/Kilde | Leif Aalmo /Peder Mo jun. |
Filnavn | Amerikafolk.jpg |
Filstørrelse | 280k |
Dimensjoner | 1765 x 1379 |
Linket til | John Hallvards. Holden; Kristoffer Johans. Nordvik; John Johans. Åsbø; Ola Johns. Åsbø (Aasby); Ole Knuts. Østbø (Ellevseth); Tore Kristoffers. Gjerstad; Anders Ols. Gjerstad; Ole Ols. Holden |
Album | Amerikabilder |
» Amerikabilder «Forrige «1 ... 31 32 33 34 35 36 37 38 39 ... 119» Neste» » Lysbildefremvisning